Jula er rett rundt hjørne og vi har mange gåver som skal pakkast inn. Tall frå Framtiden i våre hender viser at vi bruker 60 000 km gåvepapir. Det er faktisk nok gåvepapir til at vi kan ta ei runde rundt ekvatoren og vel så det. 

Publisert: 9. desember 2021

Kvifor ikkje bruke glansert gåvepapir? 

Glanset julegåvepapir er det vi nordmenn bruker mest av når vi skal pakke inn gåvene våre. Slikt gåvepapir inneheld lite papirfibre og er faktisk eit produkt samansatt av leire og plast som blir farga og spesialbehandla.  Dette gjer at gåvepapiret ikkje kan kategoriserast som papir og kan da heller ikkje resirkulerast som papir og blir då ei heller gjenvunnet. Glansert gåvepapir skal i restavfall om det ikkje brukt på ny året etter. Mange ressursar blir brukt for å lage glansert julepapir og produktets levetid er relativ liten i forhald til ressursbruk. 

Men frykt ikkje, her kjem julas heitaste tips på korleis dine julegåver kan skille seg ut både miljømessig og stilmessig under juletreet.  

  1. Vi har høyrt det før, men gode tips lever lenger: Ta i bruk det du allereie har heime og ta vare på det du får i år slik du kan bruke det neste år. Dette kostar ingenting, berre litt leiting i skap og hyller etter fjorårets gåvepapir
     
  2. Abonnerer du på avis? Avispapir er eit miljøvennleg alternativ til glansert gåvepapir. Her har du også ein unik moglegheit til å velje avisartiklar som passer til gåva og/eller mottakaren.

     

  3. Gamle skoekser, julelysbokser eller liknande kan få nytt liv med litt pynt. Kombiner ein luftetur i skogen og plukk litt gran til pynt kan vere ein fin førjulsaktivitet.

     

  4. Stoffrestar som ubrukte putetrekk funger like bra som papir og kan gi eit ganske særeiget preg på ei gåve.

     

  5. Kjøp og bruk kraftpapir. Dette papiret kan resirkulerast og brukast igjen. Om du syns det er eit kjedeleg design kan du laget heimelaget stempel av poteter og andre grønsaker (sjå oppskrift nedanfor)

  6. To gåve i ein! Kjøp eller lag sjølv (sjå oppskrift nedanfor) bievokspapir og bruk det som innpakningspapir. Då kan mottakar bruke bievokspapiret til å dekke over matrestar i etterkant og slik blir det mindre plastfolie, mindre matsvinn og  mindre avfall.

  7. Får du gåve som er innpakka i glanset gåvepapir, spar det til neste år og bruk det igjen 😊 

 

Oppskrifter: 

Stempel laget av grønsaker: 

  • Del poteten i to 
  • Lag ynskja stempel ved hjelp av pepperkakeformer eller kniv 
  • Skjær mønsteret ut 
  • Finn fram maling (gjerne svanemerket) og legg på eit strøk på stempet og press det mot papiret 
https://www.thesprucecrafts.com/how-to-make-stamp-from-potato-2905343 

Heimelaga bievokspapir med strykejern: 

https://www.klimaoslo.no/2020/04/08/lag-ditt-eget-bivokspapir/ 

Heimelaga bievokspapir i ovnen: 

https://bedrift.kid.no/kjoekkenutstyr/inspirasjon/lag-ditt-eget-bivokspapir/ 

Pakke inn pakker i stoff:

https://thatsnotmyage.com/sustainable-style/introducing-furoshiki-the-eco-friendly-way-to-wrap-christmas-gifts/

 

About the Author: Marte Nogva Mårstøl

Marte Nogva Mårstøl