Noko av det viktigaste arbeidet vi gjer i kampen mot platforureining, er å inkludere og undervise komande generasjonar om problematikken knytt til temaet

Publisert: 5. oktober 2021

Naturvernforbundet Sogn og Fjordane har som sin del plastjakten-prosjekt gått saman med Fjordane Friluftsråd  og starta ein «Skuleturnè for Havet». Turneen er eit formidlingsopplegg knytt til plastproblematikken og korleis ein kan bidra til å fase ut unødig plastforbruk. Vi kombinerer undervisning med strandrydding og på denne måten får elevar og lærarar høve til å skape eigne erfaringar i lokalmiljøet og knytte det dei finn til eige forbruk og konkrete utsleppskjelder.

Vi hadde vårt fyrste skulebesøk den 18 august 2021 og har sidan det hatt formidling og strandrydding med over 390 elevar og lærarar, og plukka over 4 tonn med marin forsøpling. Vi legg til rette for ulike aktivitetar som kan vere med på å bevistgjere problemet:

 

Elevane diskuterar og sorterar kva er laga av plast og kva som ikkje er laga av plast

Elevane fekk i oppgåve å kartlegge søppelet vi fant. Her er kategorien havbruk og industri

Alle elevane tipper kor mange kg vi kjem til å plukke før vi går ut. Her er dei opptatt med å veie søppelet

 

Gjennom kjekke aktiviteter og auka kunnskap om havet, fjøra og strandsone trur vi at fleire vil føle seg inspirert til å ta betre vare på det og at ein slik opplevelse vil bidra til at fleire av den komane generasjonen tenkjer over forbruk og forsøpling i større grad.

About the Author: Marte Nogva Mårstøl

Marte Nogva Mårstøl