Som kvalen på Sotra viste oss med all tydelegheit, høyrer ikkje plast heime i naturen. Plastavfallet må fjernast, men korleis kan me samtidig hindra at plastforsøplinga held fram? Kva kan me gjera som enkeltpersonar, kva politiske tiltak må til, og kva kan bedrifter gjera?

Publisert: 4. oktober 2017

 

00:20 Innledning – Synnøve Kvamme | 03:30 Marin forsøpling – Lars Ågren | 26:50 Plast i havet – Kenneth Bruvik | 01:07:07 Politiske tiltak – Nils Tore Skogland | 01:23:44 Om prosjektet Plastjakten Hordaland – Synnøve Kvamme

Som kvalen på Sotra viste oss med all tydelegheit, høyrer ikkje plast heime i naturen. Plastavfallet må fjernast, men korleis kan me samtidig hindra at plastforsøplinga held fram? Kva kan me gjera som enkeltpersonar, kva politiske tiltak må til, og kva kan bedrifter gjera?

På Naturlig onsdag 4. oktober 2017 diskuterer me kva steg som må takast for å kunna gå frå søppelrydding til førebygging. Om du ikkje kan møte opp på Askøy, Bergen eller Voss, følg direktesendiga fra kl. 19.00 på: bit.ly/NaturligOnsdagBergen

Innleiarar

Kenneth Bruvik i Noregs Jeger- og Fiskarforbund (NJFF) har lagt ned ein fantastisk innsats i kampen mot plastforsøplinga på Sotra og har tatt initiativ til ei rekke oppryddingsaksjonar. Engasjementet hans har blitt lagt merke til i både inn- og utland: i juni fekk han miljøprisen til Hordaland fylkeskommune, og han er sentral i den britiske dokumentaren “A Plastic Whale” (tilgjengeleg på NRK). Kenneth blir med på Naturlig onsdag for å fortelja om erfaringane han har gjort seg, og tankar om vegen vidare.

Lars Ågren er styreleiar i Forum for Natur og Friluftsliv (FNF) Hordaland og er leiar for Norsk Ornitologisk Foreining (NOF) i både Bergen og Hordaland. Lars vil fortelja oss om kvifor det er så problematisk når plasten hamnar i naturen, og kva konsekvensar det har for dyrelivet.

Nils Tore Skogland er dagleg leiar i Naturvernforbundet Hordaland og har brei kunnskap innan miljøproblem og løysingar. Han vil mellom anna fortelja om kva politiske tiltak som må iverksetjast for å førebygga vidare plastforsøpling.

Synnøve Kvamme er dagleg nestleiar i Naturvernforbundet Hordaland og prosjektkoordinator for det nye prosjektet vårt ‘Plastjakten Hordaland’. I dette prosjektet vil me spora kjelder til plastforsøplinga i Hordaland, og jobba med førebyggande løysingar. Synnøve vil fortelja om prosjektet, planlagte aktivitetar og korleis ein kan engasjera seg i kampen mot plastforsøplinga.

Arrangementet finn stad på Bergen Offentlege Bibliotek med videoforbindelse til Askøy folkebibliotek og Inside på Voss.

Askøy: Askøy folkebibliotek. https://www.facebook.com/events/14619…

Bergen: Amalies hage på Bergen offentlige bibliotek. https://www.facebook.com/events/14594…

Voss: Inside kjedlaren: https://www.facebook.com/events/20594…

Arrangementet er støtta av Plastreturs Miljøprosjekt, Miljødirektoratet og Bergen kommune.

Om Naturlig onsdag

Naturlig onsdag er ein sosial og fagleg møteplass som Naturvernforbundet Hordaland arrangerer.

Les meir.

Programmet startar kl 19.00 med ei fagleg innleiing. Deretter er det lagt opp til fri diskusjon og mingling utover kvelden. Temaet for innleiingane varierer frå gong til gong, og dekkar eit vidt spekter av tema. På Naturlig onsdag vil du læra om klima, natur og berekraft, samtidig som du får moglegheita til å møta og bli kjent med nye folk. Du treng ikkje ta med deg nokon. Alle blir tatt imot med opne armar!

Vil du vite meir?

About the Author: admin

Avatar